
Lugus
January 21, 2012 - February 10, 2026
Remembering Lugus
Til alle som var glade i Lugus – vener, naboar og familie, alle som har sett til han opp gjennom åra:
Lugus kom diverre aldri heim frå veterinæren 10. februar i år, fordi hjartet hans stansa før han vakna frå ein operasjon. Heldigvis var han bedøva, varm og trygg då han fór, og han har ikkje vore redd eller hatt det vondt då det hende.
Ingen veit nøyaktig kor gammal Lugus var, men då Dyrebeskyttelsen i Bergen fanga han inn i januar 2015, blei han anslått til å vere tre år, og fekk tildelt ein "UDI-bursdag" for å skrive i papira. Om anslaget stemmer, hadde han nettopp passert 14 då han døydde. Han hadde mange gode katteår, først i Bergen med verdas søtaste nabo Kalabi, og seinare i Oslo, der det var kalde vintrar, men desto meir solskinn å bake seg i.
Me saknar det vesle dyret som var så utruleg snill, fin og eigenrådig.
Dei som vil, er velkomne til å gi ei lita minnegåve for Lugus til Dyrebeskyttelsen Bergen (bankkonto 1520.25.57861 og Vipps #94108) eller FOD – Foreningen for omplassering av dyr (bankkonto 8380.40.00014 og Vipps #1980 -> velg «kjøp og betal»).
Share Lugus's Memorial
Photo Memories



